tirsdag 10. april 2007

Fantastiske Cusco

Heisann!!!

Me har hatt ei travel veka i Cusco- Peru. Byen e heilt fantastiske å me syns at alle i heile verden burde reisa herte ein gong i livet.

Me kom herte sist onsdag tidligt om måren.......måtte kvila ein liten time pga høyden...å så bar det rett på fotballkamp. Me va så heldige å få sjå Cienciano som e Cusco sitt lag, mot Boca Juniors fra Buenos Aires..... Erling blei så gla då for me fekk ikkje billettar te kamp når me va i Buenos. Det va utruligt kjekkt å masse liv..... Fotballfolk e egentlig galne.......

Dagane her har gått me te å farta rondt på masse Inka-ruinar. Heilt utruligt. Me e så øvegidde øve kossen di har fått det der te for så lenge si. Steinar på flære tonn di har klart å dra på kilometervis, å så opp i fjellet, for å bygga hus å templer. Å di va litt av nogen arkitektar alså....... Imponerande byggekunst. Machu Picchu va et syn for auga, men litt trist me alle turistane der oppe. Men så e det vel blitt. Prisen for å besøka Machu Picchu e blitt ganske høge, kanskje i et forsøk på å minska mengen av folk litt, men det hjelpe ikkje ennå jaffal..........

Dagane har vore loooonge..... det tar si ti å vara me på sånne ting. Flære dagar i strekk fra måren te kveld!! Men kjempekjekkt likavel, sjøl om me har vore trøtte så nogen slips. Ein av kvellane her gjekk me på folkedans å fekk sett den siå av kulturen her. Di har ein drakt å ein dans for alt så skjer. Veldigt kjekkt å sjå på å masse fine fargar.

MEN...... det e svinkaldt her. Elle jaffal grådigt kaldt. Når solå kikke litt fram midt på dagen så varme den kjempegodt å då føle me litt vår å greier..... Men stort sett her oppe har det regna å vore kaldt. Me måtte kjøpa oss regnfrakkar å ullklenå har blitt flittigt brukt. Cusco ligge jo 3300 meter øve havet å ein kjenne det godt på kroppen. Fysste dagane her va me kjempesletne av ingenting...... Viss me sko tøffa oss å springa opp trappene så sa kroppen stopp av seg sjøl å me måtte hiva itte pusten....... heilt løye. Alt måtte skje i slow motion...... men det passe jo meg heilt glimmrande.... he he. Det e lettare å bevega seg i et litt større tempo nå, men det kan kjennas ennå........


Cusco e ein nyyyydelige by med utruligt masse å oppleva. Det e ein fryd å gårondt i gatene her. kjempekoslige små tronge gater. masse sjapper me alt muligt løye di ska sella. Ein blir litt sleten av alle tiggerane å sellarane itte ein heile dag ute i friske luft, men me øve oss på å ikkje få dårlige samvittighet. Jaffal me alle ongane så springe ute te longt på natt. Det e jomann så trist, å me ville hjelpt alle. Men det går jo ikkje. Seint igår kvell fekk me ein litå jenta å ein liten gut itte oss. Di sko sella sjokolade. Klåkka va sikkert hall ett å di burde vore i seng for lenge si....... Eg spurte kor foreldrene deiras va å då svarte hu jentå at det visste de ikkje. Di fulgte itte oss heilt te hostelle. Dørå her va låst å an Erling lyfta opp han little guten så han fekk tryka på ringeklåkka....... han va heilt kry å førnødde...... sikkert ikkje mær enn 3 år....... Det va heilt trist å gå fra dei.......


Ellers har Cusco et hav av koslige kafear å restaurantar. Det e nesten vanskeligt å bestemma kor ein ska gå....... Igår fekk an Erling bestemma si han hadde bursdag, å då flytta me liksågodt inn på ein restaurant me likte så godt...... he he. DI må ha blitt heilt leie av oss. Me va der sikkert i 7-8 timar. Men det va kaldt ute så me ville jo ikkje gå rondt. Me åt å drakk masse der, å me tipsa godt. Så når di heiv oss ut når di sko stenga så va di kanskje litt fornødde likavel...... Erling åt alpakka medaljongar der.......Det såg svingodt ut. Eg smakte såvidt eg og men eg syns nettså det blir heilt dårligt barre for eg vett ka det e....å alpakkane e jo litt snåle og........ Sama me struts.... eg barre klare ikkje det........ Ikkje for at den e så fine.....men det e litt ekkelt........ ohhhffff!!! Å Lise Marit så prøve å få meg te lika det........ :o) Å mens eg svingte innom Åkra her, å må ein av dåkke så lese dette ønska an onkel Herman gratulera me øvestått 7 april. Å mens me e i gratulasjonshjørna så gratulere me na tante Torill i Kristiansand masse me dagen så va igår den 9ende......... Å og om eg ikkje e heilt på bertur så trur eg det va Line sin bursdag og....Så gratulera masse masse!!

Nå datt eg heilt vekk fra Cusco her, men alså heilt topp by å me stortrives her. Konne tenkt oss å vore litt lenger. Kikk på bildene våre fra både byen, Inkaruinar, kafear å Machu Picchu

Neste stopp for oss e Puno å Titicacasjøen. Derte reise me imårå. Det ligge 4000 meter øve havet så me forberede oss på mær kulde. Erling fekk jo strikkahua hos meg igår, åsså fekk jomann eg og...... så utstyr te håve har me jaffal..... Jedna me trenge poncho og....... Me glede oss veldigt te komma te varmar strøk.....å rekne me å vara på Cuba eller i Mexico i slutten av vekå. Då blir det sol å bading å stilongsen ryka him me fyssta flyet.......... Ja, helledussen.....fra nå av reise me KUN der e varmt!!!

I tilfelle me ikkje e på nett på ei stond.... tusen takk for alle mellingar i bloggen. Det e kjempekosligt å me føle ikkje me e så longt vekke når me lese dei. Håpa det går fint me dåkke adle der hima i gamlelandet...... å at våren snart kjeme på sjikkeligt...( hørrte rykte om snø i påsken....)

Goe goe klem fra Laila og Erling

Ingen kommentarer: